Skinn av lam


er nedklippt til ca 18, 35 eller 45 mm under beredning. Dei kan også vere langulla. Den er Donnia skinn i 

Tranås i Sverige som bereder for oss.


Skinna er i ulike grånyansar - frå lys grå til mørk grå.

Dei fleste skinna er mellomgrå og jamne i fargen.


Skinna er 90 - 100 cm lange og 

70 - 80 cm breie, målt midt på.



Bruksområde


Gode skinn av norsk pelssau er lette og mjuke. Dekkhåra, som er hoveddelen av ulla, tåler svært mykje bruk.  Dei har dermed eit stort bruksområde.


Skinna kan brukast som dei er i eit interiør, eller dei kan dekorerast på skinnsida.


Dei er perfekt til store og små fellar.


Dei nedklipte skinna er spesielle i bruk til baby. 

Med påtrykt namn og fødselsdato er dei flotte gåver til barnet.

Dei kan brukast i vogga og i vogna, eller som underlag for eit barn som leikar på golvet - og sjølvsagt som babypose. Berre fantasien set grenser.

Skinn av vaksen sau.


Dette er større skinn. Dei kan variere

i ull-lengd og lokkform.

Dei er svært sterke og kan brukast

ute i stolen ved bålet om kvelden,

som sitteskinn på benk og elles 

alle stader der det kan vere godt

med noko som lunar.


Dei eignar seg dårlegare til å sy i,

men er fine å trykke namn og motiv

på.

Skinn og prisar


Prising av skinna er avhengig av pelskvalitet og storleik.


Skinn av lam, nedklipte til ca 35 mm    

Pris frå kr. 1900,- og oppover.


Skinn av lam, langulla                                  Pris frå kr. 2000 - 2700,-


Skinn av vaksne                                           

Pris frå kr. 2000 - 3000,-


Prisane er inkl. mva


Vi kan pakke og sende skinn over heile landet. Dei blir sende i postoppkrav om ikkje anna er avtala.

Oppkrav og porto kjem då i tillegg.


Skinn til fell. 

For den som vil sy fell, plukkar vi ut 2 eller fleire skinn som høver saman med omsyn til fargenyanse, lokkform og glans.


Av og til får skinn skadar, det kan vere under slakting, for dårleg salting, eller under beredninsprosessen. 

Desse skinna har fråtrekk i prisen frå kr. 50,- og oppover, alt etter kor alvorleg skaden er.



Det beste er å komme til skinnbuda vår for å sjå dei skinna vi har. Det er lettare å finne skinn ein likar dersom ein får kjenne på og sjå.

Ta kontakt for avtale.



Tlf 48 26 74 09 eller e-post: post@arnegarden.no




Skinn av vaksne søyer