Om oss




Til Syvde kom første pelssauene på -60-talet.

'Gråna' kom til Arnegarden i 1967 og året etter kom 'StorAnna' og 'Gråkrulla'. Dei er opphavet til sauene vi har på garden i dag.


Desse første var gåve frå 'Dal-Ola' til Atle. Det var takk for hjelpa dei sommarane han var 'dreng' der. Atle var berre ein gut-unge då. Seinare vart det 

slik at Atle vart siv.agr. i husdyrbruk, med pelssau som hovudoppgåve - og den store interessa gjennom heile livet.


Garden var liten den gongen, og er det også idag. Men det er plass til ein flokk på ca 65 søyer. Med eit gjennomsnitt på godt over 2 lam på kvar søye, vert ca 140 lam fødde kvar vår.


Gjennom åra har det vore brukt mykje tid på avl. Opphavet til norsk pelssau var kryssing av gotlandsfår og norsk gråblå spelsau. 

Fleire sædimportar av dei beste verane på  Gotland  pregar flokken. Målet er skinn med jamn, god lokk over heile skinnet, jamn grå farge og god glans, silkekjensle og lite underull.

Det gir vakre skinn med stor bruksverdi. Dei held seg like vakre år etter år.





Om du ynskjer å kjøpe skinn eller skinnprodukt, ta kontakt med oss på 


tlf 48 26 74 09 

e-post: post@arnegarden.no


Beste helsing Dagrun Molvik og Atle Arnesen