Norsk Pelssau i Arnegarden


Rasen Norsk Pelssau har sitt opphav ved at norsk gråblå spælsau vart kryssa med Gotlandsfår. Rasen vart godkjendt som eigen rase i 1968, og pelssauene har vore i Arnegarden sidan 1967.

Målet med norsk pelssau var å kombinere spælsauen sin gode glans med gotlandssauen si evne til å danne lokk og slik få  skinn som kunne brukast som pelsverk. Gjennom sædimport frå dei beste verane på Gotland er det sidan drive eit målretta avlsarbeid for bedre pelskvalitet. Frå pelssaubuskapen i Arnegarden er det spreidd livdyr mest over heile landet, og det er levert fleire verar til semin.


Pelssauen skal ha lite botnull. Det er dekkhåra som skal danne ei sterk silkemjuk matte med god lokk ( krøll ) god glans og ein jamn grå farge

Skinnet er svært lett, silkemjukt og tåler bruk i mange, mange år. 


Idag kan vi tilby skinn heilt i toppen i kvalitet.


Alle skinna våre er merka med eit stempel. Det er veren 'Slettarød', fødd på garden, og som gjennom semin seinare sette spor etter seg i heile populasjonen. Han var fantastisk fin, og markerte overgang til 'nyare tid' i pelssauavlen.